Gruppe av medlemmer i NHFU der alle holder en liten plakat med tekst som "Jeg vil kjempe mot all diskriminering. Vil du?"

“Ingenting om oss, uten oss!”. 

Norges Handikapforbunds Ungdom (NHFU) er ein organisasjon av og for ungdom med funksjonsnedsetjingar, og arbeider for eit likestilt samfunn der alle har dei same moglegheitene uavhengig av funksjonsnivå. Vi skal skape medvit og engasjement kring arbeidet, både hos personar med funksjonsnedsetjingar og i samfunnet elles.

Samfunnsoppdraget

I NHFU legg vi vekt på kunnskapsbasert og verdiorientert aktivisme. Vi skal vere ein organisasjon som står på barrikadane når politiske avgjersler blir tatt. Vi skal vere samfunnsengasjerte, setje dagsorden og vere synlege i den offentlige debatten. I tillegg skal vi vere ein kunnskapsrik sparringspartnar og støttespelar for andre som har makt eller som ønsker å påverke i samfunnet. I arbeidet vårt skal menneskerettsperspektivet vere eit berande element.

Samfunnet vi arbeider for

Barrierane ein møter gjennom utdanning, yrkesliv og fritid diskriminerer og hindrar likeverdig deltaking i samfunnet. Dette dannar strukturar som systematisk legg lokk på den einskilde sitt høve til å nå potensialet sitt og å nå draumane sine. Difor arbeider vi for eit universelt utforma samfunn. Det er eit samfunn som ikkje er funksjonshemjande, men det vi kallar funksjonsfremjande. I det samfunnet eksisterer ikkje barrierane. Alle har – ikkje berre ein rett – men ei reell moglegheit til å delta. I det funksjonsfremjande samfunnet flyttar ein fokuset frå det funksjonshemja individet som problem til at det er hinderet som er problemet. Det kan ein fordi prinsippet om universell utforming betyr at alle skal kunne bruke dei same løysingane og tenestene. Dimed kan ein aldri peike på individet når ein møter på ei hindring. Funksjonsnivå skal ikkje ha noko å seie for kva moglegheiter du har i livet. Difor arbeider vi for at du ikkje blir sett ned på eller diskriminert på grunn av funksjonsnedsetjinga di. I det funksjonsfremjande samfunnet står medvit og kunnskap om menneskets likeverd sentralt i danninga. Alle har fridom og rett til deltaking i kulturen og i demokratiet.

Verdiane våre

I arbeidet vårt legg vi vekt på desse to verdiane:

Mangfald

NHFU ønsker ei brei samansetjing av medlemer og tillitsvalte i organisasjonen. Vi ser det som ei styrke at folk er forskjellige og har ulike eigenskapar dei kan bidra med i arbeidet og i fellesskapen. Dette gjeld både kjønn, seksuell orientering, etnisitet, religion og livssyn og funksjonsnivå. Alle i NHFU skal møtast med respekt og verdigheit, skal verdsetjast for den dei er og få bidra med det dei har av kunnskap, erfaringar og ferdigheiter.

Likeverd

Alle medlemer i NHFU er likeverdige uavhengig av posisjon i organisasjonen. Alle skal ha høve og rett til å delta og vere med å bestemme kva organisasjonen skal meine og gjere. Fordi vi er ein medlemsorganisasjon som er bygt nedanfrå og opp, skal vi møte alle meiningar og synspunkt med respekt, uavhengig av erfaring og kunnskap. Difor legg vi vekt på å skape arenaer der medlemer kan delta og bidra på likt grunnlag.

Hvem er NHFU

Norges Handikapforbunds Ungdom (NHFU) er en organisasjon av og for ungdom med funksjonsnedsettelser, og arbeider for et likestilt samfunn der alle har de samme mulighetene uavhengig av funksjonsnivå. Vi skal skape kunnskap og engasjement rundt arbeidet, både hos personar med funksjonsnedsettelser og i samfunnet ellers. Samfunnsoppdraget I NHFU legger vi vekt på kunnskapsbasert og verdiorientert […]

Sentralstyret i NHFU


Ansatte

Gyda Antonie M. Nullmeyer Daglig leder (100 %) E-post: gyda.nullmeyer@nhf.no Tlf: 906 47 959 Kristofer Olai Ravn Stavseng                                       Rådgiver politikk og kommunikasjon (50 %) E-post: kristofer@nhf.no Tlf: 948 55 843 Lena Gimse Rådgiver for organisasjon og prosjekter (50 […]

Regionlag

Regionlaget skal planlegge og lede det interessepolitiske arbeidet for funksjonshemmede i regionen. De skal være bindeledd mellom medlemmene og sentralstyret. Ta gjerne kontakt med ditt regionlag dersom du har lyst til å bli med på det som skjer der du bor. Om du bor et sted der det ikke er et lag, og du har […]

Våre utvalg

NHFU har åtte utvalg som er oppnevnt av Landsmøtet for perioden 2018-2020. Utvalgene er region og geografisk uavhengig og det er sentralstyret som godkjenner utvalgenes medlemmer. Til hvert landsmøte må utvalgene levere en rapport på hva de har jobbet med i perioden. Landsmøte kan avslutte utvalg eller opprette nye utvalg. Utvalgene representerer våre viktigste politiske […]

Retningslinjer NHFU

1. Regler på NHFU sine arrangementer Det er viktig for NHFU at alle våre arrangementer skal være hyggelig for alle. Vi er en mangfoldig organisasjon med mange ulike mennesker, der alle skal velkommen. Derfor er det viktig at du leser disse reglene og respekterer de under arrangementet. Disse reglene gjelder alle som deltar på våre […]